Olav Madshus

Norsk lærar og omsetjar

Olav Madshus (23. september 186912. mai 1927) var ein norsk lærar og omsetjar frå Østre Toten.

Olav Madshus
Fødd 23. september 1869
Død

1929 (59 år)

Yrke omsetjar

Madshus voks opp i lærarbustaden ved Nordli skole i Østre Toten, der far hans skulte til han døydde i heller ung alder. Olav Madshus tok opp arven etter faren, og utdanna seg til lærar. Han var lenge tilsett i folkeskulen på Namnå i Grue.

Madshus var mykje med i den frilynde ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene, både som føredragshaldar og tillitsvald i fylkeslaget Varden. Dessutan var han i mange år leiar av Kirkenær blandede kor.

Med ei omsetjing frå 1901 av Macbeth vart Madshus den fyrste som omsette eit verk av William Shakespeare til landsmål. I føreordet skriv han sjølv at dette var «den fyrste freistnaden til ei norsk Skakespeare-umskrift», og takka mellom andre Ivar Mortensson, Steinar Schjøtt og Arne Garborg for god hjelp. Fire år seinare kom han også med Kaupmannen i Venetia.

Kjelder endre