Olav Moen
Olav Moen (1875–1968) var ein norsk hagebruksforskar og mangeårig professor i hagebruk ved Noregs Landbrukshøgskule.
Olav Moen | |||
Fødd | 1875 | ||
---|---|---|---|
Død | 1968 |
Moen var frå Måndalen i Rauma kommune i Romsdal. Han utdanna seg innan landbruk og hagebruk. Frå 1898 var han hagebrukslærar og gartnar ymse stader. Moen studerte ved Noregs Landbrukshøgskule 1911-13, og sidan ved Cornell University i New York i USA. Han vart tilsett ved landbrukshøgskulen som dosent i hagebruk i 1916, frå 1919 som professor. I denne tida var han leiar for instituttet for planteskuldrift og grønsakdyrking.
Moen gav ut mange bøker og skreiv artiklar om dyrking av grønsaker og rotvokstrar. Han sat elles i landsstyret for Norges Bondelag i mange år.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58
- Store Norske Leksikon om Moen