Olav Nesheim

Norsk lærar

Olav Olsson Nesheim (16. februar 18621955) var ein lærar frå Granvin i Hordaland.

Bondesonen Nesheim tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1883. Der etter var han eitt år lærar i Helleland og i fire år lærar og klokkar i Tolga i Ryfylke. Sidan underviste han i seks år i skulen i Skudeneshavn, før han heldt fram lærargjerninga i folkeskulen i Ålesund by. Frå 1900 til 1932 var han folkeskulelærar i Trondheim. I 1904 var Nesheim mellom skiparane av Bondeungdomslaget i Nidaros, eit lag han var formann for dei tre fyrste åra til laget.

Kjelder endre