Olav Thorbjørnsson Vegheim (25. oktober 18956. mars 1962) var ein norsk pressemann og politikar frå Bø i Telemark. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1934 til -45.

Olav Vegheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. oktober 1895
Bø kommune
Død

6. mars 1962 (66 år)

Yrke politikar, redaktør
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti

Vegheim var son til ein småbrukar. Etter han tok middelskuleksamen i 1913 hadde han det neste tiåret eit rad ulike jobbar. I 1914-15 var han handelsbetjent, deretter arbeidde han i avisene Østerdalens Socialdemokrat i 1916, i Folkeviljen i Harstad 1917 og Arbeidets Rett på Røros 1918. Åra 1918-21 var han redaksjonssekretær i Ny Tid i Trondheim, og deretter var han redaktør i avisa Klassekampen i Oslo til mars 1923. Dei neste månadene gjorde han teneste ved kontora til den kommunistiske ungdomsinternasjonalen i Berlin og Moskva, som medlem av eksekutivkomiteen (styret).

Då Arbeidarpartiet i november 1923 vart sprengt og Norges Kommunistiske Parti vart danna, melde Vegheim seg inn i NKP. Dei neste par åra dreiv han med opplysningsarbeid for NKP. I 1925 eller -26 braut han med partiet, og melde seg innatt i Arbeidarpartiet.

Frå mars 1927 var han redaksjonssekretær i Bergens Arbeiderblad til han i 1928 fekk redaktørjobben i Telemark Arbeiderblad i Skien. Den stillinga hadde han heilt til avisa vart stoppa 1. desember 1940. Frå 1941 til 1945 var han vaktmann ved A/S Heistad Fabrikker.

Valperioden 1934-36 var Vegheim stortingsmann frå Telemark for Arbeidarpartiet. Han vart attvald hausten 1936 og representerte fylket og partiet frå 1937 til 1945. I begge disse stortingsperiodane var han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

I 1945 vart han konstituert fylkesfullmektig i Telemark og ordførar i Gjerpen.

Kjelder endre