Ole Bredesen (14. mai 183114. august 1887) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Grue i Hedmark. Amund Bredesen var far hans.

Ole Bredesen
Fødd 14. mai 1831
Død

14. august 1887

Yrke politikar

Bredesen gjekk Jønsberg landbruksskule og tok eksamen der. I si tid tok han over farsgarden Oppset og var inspektør under tømmerfløytinga. Han var medlem av heradsstyret 1859-87, ordførar 1863-79 og 1883-87. Elles var han forlikskommissær 1864-87.

Han var valmann 1862-79, og vart sjølv vald til stortingsrepresentant for Hedemarkens amt for periodane 1862-64 og 1865-66. Både i 1862-63 og 1865-66 var han medlem av næringskomite nr 2, i 1862-63 og medlem av skoglovskomiteen, medan han på omframstiortinget 1864 var medlem av komiteen om senking av Øyeren.

Han døydde på Hankø i Østfold sommaren 1887.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914