Ole Christian Tvergrov

Ole Christian Larsson Tvergrov (1. mai 18534. desember 1917) var ein norsk gardbrukar og på Tvergrov i Hjørundfjord og militær tenestemann. Han var ordførar 1902-17 i dåverande Hjørundfjord kommune.

Tvergrov gjekk 1873-75 underoffiserskulen i Trondheim. Han tente fyrst Fjordenes Bataljon, seinare Volda Bataljon. Etter å ha vore sersjant i 14, år, fekk han opprykk til furer i 1890 og kommandersersjant 1896. Til sist var han fanejunker 1901-13. I 1886 fekk han skøyte på bruket Smivollen på Tvergrov, og dreiv dette til «eit veldrive bruk» før han døydde.[treng kjelde]

Tvergrov kom med i heradsstyret i Hjørundfjord i 1890 og var varaordførar 1900-01. I to valbolkar, 1902-04 og 1905-07, var han ordførar i Hjørundfjord. Etter å ha lært å skrive nynorsk i 50-årsalderen, arbeidde «han iherdig for at alle kommunale og offentlege skriv skulle vere på nynorsk, og var ein ihuga pådrivar» for at hjørunfjordingane skulle skrive nynorsk.[treng kjelde] Han var elles styreformann 1908-17 i Hjørundfjord Sparebank og overformyndar 1909-17.

Ole Christian Tvergrov var gift med Elen Jetmundsdotter Bjørdal frå Ørsta. Dei var foreldre til ni born.

Kjelder

endre