Fanejunker (frå tysk Fahnenjunker) var den høgaste underoffisersgrada i Noreg fram til 1927. Den blei normalt tildelt kommandersersjantar etter 5 års teneste som ei «heidersgrad», og blei brukt i infanteriet, ingeniørvåpenet, saniteten og flyvåpenet. I kavaleriet var tilsvarande grad standartjunker, og i artilleriet stykkjunker.

Ny tolking av gamalt merke.

Fanejunker var den øvste underoffisersgrada og kan til ei viss grad samanliknast med den britiske Regimental Sergeant Major. Heilt særeige for denne grada var at dei bar offisersuniform som offiserane, med offisers epaulettar utan stjerner.

Tilsvarande på gardelua: Offiserskokarde, sølvdusk og brei sølvtresse, men ingen andre tresser. Paradehatten skal ha vore utan tresser, med offisers silkekokarde, og kanskje strutsefjør, som offiserane bar i staden for hestehår (og seinare med bøffelhår).

Fanejunkerar var det gjerne ein til tre av per bataljon, og dei var gjerne i femtiårsalderen og eldre.

Fanejunkergrada blei avskaffa i samband med ny hærordning.

Sjå også

endre