Ole Ellefsæter
Ole Martin Ellefsæter (fødd 15. februar 1939) er ein norsk tidlegare langrennsløpar og friidrettsutøvar. Ellefsæter var fødd på Furnes i Ringsaker.
Ole Ellefsæter | |
![]() | |
Fødd | 15. februar 1939 (81 år) Furnes |
Yrke | langrennsløpar, friidrettsutøvar, songar |
Ole Ellefsæter på Commons |
Under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1966 vann Ellefsæter gull på 4 x 10 km stafett, og sølv på 15 km. Han vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1968 i Grenoble, både 50 km og 4 x 10 km stafett. I 1971 vart han den første nordmannen til å vinne Vasaloppet. Av norske utøvarar er det berre Anders og Jørgen Aukland som elles har vunne dette løpet.
Ellefsæter deltok òg i friidrett og vann 3 000 meter hinder heile 6 gongar på rad under noregsmeisterskapa 1960-1965.[1] Han hadde ei personleg bestetid på 8:43.8 minutt, som han oppnådde på Bislett stadion i juni 1962.
Ole Ellefsæter vart tildelt Egebergs Ærespris i 1965 og Holmenkollmedaljen i 1967, som han delte med Toini Gustafsson. I tillegg fekk han Fearnleys olympiske ærespris etter OL i 1968.