Ole Halvorsson Ribe

Ole Halvorsson Ribe (2. februar 177525. oktober 1839) var ein norsk båtbyggjar, gardbrukar og skipsreiar frå Fjære i Aust-Agder.

Ole Halvorsson Ribe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1775
Fjære kommune
Død

25. oktober 1839 (64 år)
Fjære kommune

Yrke bonde, tømrar, reiar, politikar
Språk norsk

Ribe var son av ein gardbrukar og båtbyggjar på Ugland i Fjære. Fram til han var 22 år gammal dreiv Ole som skipstømrar, mykje i Grimstad og Arendal. Han kjøpte i 1797 garden Ribe og budde der. År 1819 anla han eit skipsverft på Hausland i Fevikkilen, eit verft han leia til han døydde. Han dreiv også som skipsreiar.

Ribe var 3. representant på Stortinget 1818 for Nedenes og Robygdelagets amt. Han var medlem av seks komitear, mellom dei om tjuverilovgjevinga.

Han døydde på garden sin i Fjære i 1839.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914