Ole J. Schjerven

Ole Jakobsen Schjerven (19. mars 184722. oktober 1916) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold. Jakob Olsen Skjerven var far hans.

Ole J. Schjerven
Fødd 19. mars 1847
Død

22. oktober 1916 (69 år)

Yrke bonde, politikar

Schjerven gjekk Ås høgare landbruksskule 1865-67. Frå 1874 var han gardbrukar på farsgarden. Han var ordførar i tolv av dei 20 åra han var med i heradsstyret, forlikskommissær frå 1892. Elles var han med i styringa av landbruksselskapet i amtet, av amtsutvalet, og Selskabet for Norges Vel. 1896-97 var han medlem av lakeselovkommisjonen.

Schjerven var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1898-1900. Der var han medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde på garden sin, Skjervheim, i Lardal i 1916.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914