Ole Mathæus Hauge (16. oktober 180621. januar 1868) var ein norsk kjøpmann og stortingsrepresentant frå Odalen.

Ole Mathæus Hauge
Ole Matheus Hauge (1860-1970).jpg
Fødd16. oktober 1806
Død21. januar 1868 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hauge var son av ein landhandlar på Sem i Odalen. I 1831 opna han ei forretning i Christiania som etter kvart voks seg stor. Saman med Thorvald Meyer grunnla han Christiania Seildugsfabrik. Han hadde mange offentlege verv i hovudstaden, mellom anna var han medlem av bystyret 1847-63 og direktør i Christian Bank- og Kreditkasse.

Hauge var 2. representant frå Christiania og Lillehammer. på Stortinget både i 1848 og i 1851. I 1848 var han medlem av næringskomite nr. 1 og i 1851 av bankkomiteen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972

BakgrunnsstoffEndra