Ole Moen
Ole Moen (2. april 1865–23. august 1902) var ein norsk lege og stortingsmann frå Sør-Odal i Hedmark. Han representerte Venstre.
Ole Moen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. april 1865 |
Død |
23. august 1902 (37 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Moen var son til ein gardbrukar. Han vart student i 1883 og cand. med. i 1891. Same året vart han konstituert til distriktslege for indre Sunnmøre, 1892-94 var han koleralege i Kristiansand. Frå 1894 var han distriktslege i Lebesby til han i 1902 vart konstituert distriktslege i Ål i Hallingdal, der han døydde same sommaren.
Moen var 2. representant for Finmarkens amt på Stortinget 1898-1900. Han var 1898-99 medlem av jarnbanekomiteen, 1899-1900 av næringskomite nr 2.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914