Ole O. Haavardsrud

Ole Olsen Haavardsrud (fødd 2. januar 1876) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Svene sokn i Flesberg herad. Han var Venstre-representant på Stortinget i perioden 1916-18.

Haavardsrud var son til ein gardbrukar i Svene. Skulevintrane 1894/95, 1895/96 og 1899/1900 var han elev ved høvesvis amtsskulen i Uvdal, skogskulen på Kongsberg og Kristiania tekniske elementærskole. I 1904 tok han over drifta av farsgarden Håvardsrud. Her var han tidleg ut med å byggje eit privat elektrisitetsverk.

Haavardsrud var medlem av Flesberg heradsstyre i periodane 1902-22 og 1929-34. Han varaordførar 1905-10 og 1932-24, og ordførar frå 1911 til -22. Ei tid bar han også revisor i Flesberg Sparebank og i Buskerud fylke.

I to valperiodar, 1910-12 og 1913-15, var Haavradsrud varamann til Stortinget frå Numedal krins. Perioden 1916-18 representerte same einmannskrinsen og partiet Venstre på Stortinget. Etter å ha vore ei stund i Jarnbanekomiteen, vart han seinare flytta over i Skog- og vassdragskomiteen.

KjelderEndra