Ole Roald Rynning

norsk politikar

Ole Roald Andreas Rynning (12. november 183814. august 1916)[1] var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Carl Rynning var bror hans.

Ole Roald Rynning
Fødd12. november 1838
Sauland
Død14. august 1916 (77 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Rynning vart student frå Heltbergs skole («studentfabrikk») i 1858 og cand. jur. i 1858. Han var så eit år kopist i revisjonsdepartementet, før han 1864-67 var fullmektig hos sorenskrivaren i Nordre Jarlsberg. Frå 1867 arbeidde han som overrettssakførar i Drammen. Borgarmeister i byen i perioden 1890-1913.

Han var medlem av bystyret i Drammen frå 1882 til -90. Tida 1875-90 var han forstandar for Erik Børresens stiftelse.

Rynning representerte Drammen på Stortinget frå 1883 til 1897. Han var medlem av militærkomiteen 1883-91 og av justiskomiteen 1892-97. I den siste perioden sin på Stortinget var han også medlem av Lagtinget. Både i 1895 og 1897 vart han permittert, frå høvesvis 12. mai og 30. juli. Rynning var medlem av Høgre si gruppe på Stortinget frå denne vart skipa i 1884.

Kjelder endre

  1. Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 44.