Opna hovudmenyen

Ole Schrøder

norsk advokat og politikar

Ole Schrøder (3. april 183423. mars 1892) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar, fødd i Tønsberg.

Ole Schrøder
Fødd 3. april 1834
Tønsberg
Død

23. mars 1892
Arendal

Yrke politikar, advokat

Far til Schrøder var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1851 og cand. jur. i 1856. Frå 1859 var han overrettssakførar i Arendal, i 1884 vart han byfut i same byen.

Schrøder var ordførar i Arenda] 1872-78 og 1880-84, og direktør i den lokale sparebanken 1875-86. Elles ei rekke kommunale verv.

På Stortinget 1877-87 representerte Schrøder byane Arendal og Grimstad på Stortinget. Perioden 1877-85 var han 1. representant for valkrinsen, dei siste to åra møtte han som varamann. Han vart friteken for å møte i 1888, og det vart då halde nytt val. 1877-85 var han medlem av næringskomite nr 1, sidan sat han i pensjonskomiteen.

Schrøder døydde i Arendal i 1892.

KjelderEndra