Ole Teige
Ole Iversson Teige (23. september 1858–18. oktober 1931) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Fron.
Ole Teige | |||
Fødd | 23. september 1858 Nord-Fron kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 18. oktober 1931 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Teige var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han ein vinter på Jørgen Olafsen sin folkehøgskule i Veøy, og ein annan vinter på privat amtsskule på Hamar. Han hadde også ein vinter på Jønsberg landbruksskule. Frå 1878 var han gardbrukar på Hov, ein gard som hadde høyrd slekta til i over 250 år. Han var ordførar i Nord-Fron 1894-98 og 1902-07.
Teige representerte Kristians amt på Stortinget frå 1889 til -94, der han var medlem av landbrukskomiteen. 1893-sesjonen var han grunna sjukdom permittert frå 14. juli. I 1895 var han medlem av den parlamentariske landbrukskommisjonen og i 1906 av den departementale jordkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914