Oleg Felevitsj Bozjev (fødd 25. august 1961) er ein tidlegare skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i firkamp 1984, og kom på andreplass i åra 1985-87.

Oleg Bozjev


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 25. august 1961 (62 år)
Moskva
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 1500 meter herrer

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Bozjev slo gjennom i 1984-sesongen. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo sikra han seg bronsemedaljen på 1500 meter, før han så overraska ved å gå heilt til topps på sigerspallen ved VM 1984 i Göteborg. På tampen av OL-sesongen sette han verdsrekord på 1500 meter med tida 1.54,26, oppnådd på Medeo-bana ved Alma Ata.

I 1985 tok Bozjev tredjeplassen ved EM, før han kleiv opp på sølvplassen etter verdsmeisterskapen. Både då og året etter måtte han sjå seg frågått av nederlendaren Hein Vergeer. Også i 1987 enda Bozjev opp på trinn to då sigerpallen vart reist, einast landsmannen Nikolaj Guljajev gjorde eit betre meisterskap og vart kledd opp med ein laurbærkrans,

Bozjev vart sovjetmeister 1984, 1986 og 1987.

Kjelder endre