Johan Sigvard Ericsson (17. juli 19302. november 2019), kjend som Sigge Ericsson, var ein svensk skeiseløpar frå Alanäs i Jämtland. Han vart både europameister og verdsmeister på skeiser i 1955, og han vann gullmedaljen på 10 000 meter under Vinter-OL 1956.

Sigge Ericsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. juli 1930
Alanäs församling
Død

2. november 2019 (89 år)
Brunflo

Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Skeise-VM 1952 for menn, Skeise-VM 1953 for menn, Skeise-VM 1954 for menn, Skeise-VM 1955 for menn, Skeise-VM 1956 for menn, Skeise-VM 1957 for menn, Europameisterskapen på skeiser 1951, Europameisterskapen på skeiser 1952, Europameisterskapen på skeiser 1954, Europameisterskapen på skeiser 1955, Europameisterskapen på skeiser 1956

Sigge Ericsson i 1956

Ericsson fekk sitt gjennombrot då han vart tredjemann ved skeise-EM 1954 i Davos. Vinteren 1955 vann han fyrst europameisterskapen i Falun og sidan verdsmeisterskapen i Moskva, begge gongane hadde han sterkast konkurranse frå sovjetiske Oleg Gontsjarenko. For desse prestasjonene vart Ericsson tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

I OL-sesongen 1956 tok Ericsson tredjeplassen ved EM i Helsinki. Under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo vann han sølvmedaljen på 5 000 m. To dagar seinare kneip han gullmedaljen på 10 000 m med tida 16,35,9, eitt sekund framom norske Knut Johannesen og med Oleg Gontsjarenko på bronseplassen.

Han la opp i 1957.

Kjelder endre