Oleksandr Bahatsj

Oleksandr Mykolajovytsj Bahatsj[a] (fødd 21. november 1966) er ein ukrainsk tidlegare kulestøytar frå landsbyen Matusiv i Tsjerkasy oblast i Ukraina. Han vart europameister i Budapest i 1998. Gjennom sine aktive år vann han elles to VM-bronsar, 1993 og 1999, ei OL-bronsemedalje under OL i Atlanta i 1996, samt ein EM-bronse i 1994. Han vart i 2000 utestengd frå friidretten på livstid.

Oleksandr Bahatsj
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 21. november 1966 (57 år)
Matusiv
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Ærestegnet fra Ukrainas president

Aktiv endre

Bahatsj vann sovjet-meisterskapen i kulestøyt i 1989. Han deltok så for Sovjetunionen under Europacupen for landslag, der han vart tatt for bruk av doping. Etter å ha vore utestengd frå friidrett i to år, vann han EM innandørs vinteren 1992 med 20,75 m.

Ved friidretts-VM 1993 vart Bahatsj opphavleg nummer fire, men då det seinare vart avslørt at bronsemannen Mike Stulce frå USA var dopa, rykka Bahatsj opp på bronseplassen. Vinteren 1994 forsvarte Bahatsj EM-tittelen inanndørs. Under EM i friidrett 1994 i Helsinki stakk så dei ukrainske utøvarane av med alle medaljane i kuletevlinga for menn; Oleksandr Klymenko vann framom Bahatsj, Roman Virastsjuk tok bronsen.

Under sommarleikane 1996 i Atlanta kompletterte Bahatsj bronse-samlinga etter å ha støytt kula 20,75 m. Dermed hadde han vunne ein bronsemedalje i kvar av dei tre store interansjonale meisterskapane.

Etter ein tett og hard duell med USA-amerikanske John Godina om gullmedaljen i kulestøyt under VM 1997 i Aten, 21,47 m for Bahatsj og 21,44 m for Godina, vart Bahatsj fyrst tildelt kulegullet, men fem dagar seinare frådømt sigeren etter påvist bruk av efedrin.

Gullmedaljen Bahatsj fekk under EM 1998 fekk han derimot behalde. Vinnarstøytet målte 21,17 m. Året etter nådde han endå litt lengre med kula ved VM i Sevilla, 21,26 heldt til hans andre VM-bronse, seks år etter den fyrste.

Doping endre

I 1989 varte Bahatsj utestengd i to år for bruk av testosteron. Etter opphavleg å ha vunne gullmedaljen under VM i 1997, avla Bahatsj ein positiv dopingtest på efedrin. Då han under EM innandørs 2000 i Gent testa positivt for tredje gong i karrieren, vart han stengd ute frå konkurrere på livstid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Ukrainsk skrift Олександр Миколайович Багач

Kjelder endre