Olga Ivanovna Kotljarova (fødd 12. april 1976) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk som tevla internasjonalr på 400 metter og 800 meter. Ho vann EM-gull på 800 m i 2006, og bronsemedaljen på 400 m i EM 1988. For Russland har ho i 4x400 m stafett vunne EM-sølv 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.

Olga Kotljarova
Statsborgarskap Russland
Fødd 12. april 1976 (47 år)
Jekaterinburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Kotljarova vart bronsemedaljør på 400 m i friidretts-EM 1998 i Budapest på tida 50,38 sekunder, tyske Grit Breuer vann med 49,93. I same meisterskapen sprang Kotljarova Russland inn til sølv i 4x400 m stafett, atter måtte ho gje tapt for Tysklands ankervinne Grit Breuer, no med eit halvt sekunds margin.

I 1999 vart Kotljarova nummer åtte på 400 m i VM i friidrett 1999 i Sevilla. Ho sprang så tredjeettappen på Russlands siggerrike lag på 4x400 m stafett. Ankerkvinna Natalja Nazarova heldt unna for USA si ankerkvinne, som vart slått med ein tidels sekund. Tatjana Tsjebikina og Svetlana Gontsjarenko sprang dei to fytste etappane for Russland. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart Kotljarova på ny nummer åtte på 400 m. På stafetten over 4x400 m fekk ho og Russland med seg ein bronsemedalje.

Til EM i friidrett 2006 i Göteborg hadde skifta løpsdistanse til 800 meter. Her vann ho spurten og vart klokka i mål på 1.57,38, nøyaktg 10 hundredeles sekund framom landskvinna Svetlana Kljuka som tok sølv.

Kjelder endre