Olga Meyer (8. august 193027. august 2018) var ein norsk journalist og pedagog frå Fana, kjent som programleiar i NRK der ho verka frå 1969 til 2000.[1] Ho var utdanna lærar og arbeidde som dette i Oslo og heimbygda Fana fram til 1969, då ho vart engasjert i NRK, etterkvart som programsekretær. Ho leia Kvardagen, Forbrukaren har ordet, På direkten, Sånn er livet og Ekko. I perioden 1995-2000 bidrog ho i Nitimen med innsamla dyrehistorier, eit arbeid som hjelpte i arbeidet med å verne truga norske storferasar.[2] Ho vart portrettert av Andreas Lunnan i Sølvsuper.[3]

Olga Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1930
Fana
Død

27. august 2018 (88 år)
Oslo

Yrke journalist, programleiar

Utgjevingar endre

  • Dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1996). Illustrert av Øyvind Hansen
  • Nye dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1997). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
  • Gode dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1998). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
  • Fine dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 1999). Illustrert av Ellen Wilhelmsen
  • Kjære dyrehistorier i Nitimen (Samlaget, 2000). Illustrert av Ellen Wilhelmsen

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar