Olivia Wilde

amerikansk skodespelar

Olivia Wilde (fødd 10. mars 1984 som Olivia Jane Cockburn) er ein amerikansk skodespelar fødd i New York.[1][2]

Olivia Wilde

Fødd10. mars 1984 (40 år)
FødestadNew York by
FødenamnOlivia Jane Cockburn
AliasOlivia Wilde
Aktive år2003–
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell, filmskodespelar, stemmeskodespelar, filmregissør, aktivist, forretningsdrivande
MorLeslie Cockburn
FarAndrew Cockburn
EktefelleTao Ruspoli
SambuarJason Sudeikis, Harry Styles

Karriere endre

Wilde starta karrieren med å ta biroller i kjende filmar og TV-seriar, som The Girl Next Door, The O.C., Alpha Dog og The Death and Life of Bobby Z. LGjennombrotrolla som legen Thirteen i den populære og kritikarroste TV-serien House skaffa henne gradvis større filmrollar.

I 2010 fekk ho rolla som Quorra i TRON: Legacy, oppfølgjaren til klassikaren TRON frå 1982. Ho spelar her ei brikke på innsida av eit videospel. Jeff Bridges og Garrett Hedlund har dei andre hovudrollene. Ho er òg med i The Next Three Days med Russell Crowe og Elizabeth Banks, Cowboys & Aliens (2011) med Daniel Craig og Harrison Ford, The Change-Up med Ryan Reynolds og Jason Bateman og In Time med Justin Timberlake og Amanda Seyfried.

Wilde er rekna som ei av dei største og mest etterspurte unge stjerneskota i Hollywood og har ei rekkje høgprofilerte prosjekt. Dei mest kjende er kanskje actiondramaet Rush med Chris Hemsworth og Daniel Brühl i hovudrollene, og dessutan komedien The Incredible Burt Wonderstone med Steve Carell og Jim Carrey.

Anna endre

Wilde var gift med dokumentarfilmskaparen Tao Ruspoli i åtte år (dei gifta seg då ho var 19 år gammal, og skilde seg i 2011).

Namnet hennar er eigentleg Olivia Jane Cockburn, men ho tok det profesjonelle namnet etter forfattaren Oscar Wilde, som ho beundrar og respekterer.Mal:Trr

Ho er ein aktiv dyrevernsaktivist og vegetarianar, og vart kåra til årets mest sexy vegetarianar av dyrevernsorganisasjonen PETA i 2010.

Filmroller endre

  • Meeting Magdalene (1995) .... Magdalene
  • Skin (2003–04) .... Jewel Goldman (6 episoder)
  • The Girl Next Door (2004) .... Kellie
  • The O.C. (2004–05) .... Alex Kelly (13 episoder)
  • Conversations with Other Women (2005) .... Bridesmaid
  • Alpha Dog (2006) .... Angela Holden
  • Camjackers (2006) .... Sista Strada Cast
  • Bickford Shmeckler's Cool Ideas (2006) .... Sarah Witt
  • Turistas (2006) .... Bea
  • Let's Kill Bobby Z (2007) .... Elizabeth
  • The Black Donnellys (2007) .... Jenny Reilly (14 episoder)
  • Fix (2008) .... Bella
  • Year One (2009) .... Princess Inanna
  • The Ballad of G.I. Joe (2009) .... Baroness
  • Weird: The Al Yankovic Story (2010) .... Madonna
  • The Next Three Days (2010) .... Nicole
  • TRON: Legacy (2010) .... Quorra
  • Free Hugs (2011) .... Head Hooper
  • On the Inside (2011) .... Mia Conlon
  • Cowboys & Aliens (2011) .... Ella Swenson
  • The Change-Up (2011) .... Sabrina McKay
  • Butter (2011) .... Brooke Swinkowski
  • In Time (2011) .... Rachel Salas
  • Saturday Night Live (2011) .... Woman (1 episode)
  • The Words (2012) .... Danielle
  • Deadfall (2012) .... Liza
  • House (2007–12) .... Dr. Remy 'Thirteen' Hadley (81 episoder)
  • People Like Us (2012) .... Hannah
  • The Longest Week (2012) .... Beatrice
  • Black Dog, Red Dog (2012) .... Sunshine
  • The Incredible Burt Wonderstone (2013) .... Jane
  • Rush (2013) .... Suzy Miller
  • Her (2013) .... Blind Date
  • Drinking Buddies (2013) .... Kate
  • Third Person (2013) .... Anna
  • Better Living Through Chemistry (2014) .... Elizabeth Roberts
  • The Longest Week (2014) .... Beatrice Fairbanks
  • American Dad (2014) .... Denise (1 episode)
  • BoJack Horseman (2014) .... Charlotte (2 episoder)
  • Black Dog, Red Dog (2014) .... Sunshine
  • The Lazarus Effect (2015) .... Zoe
  • Portlandia (2015) .... Britt (3 episoder)
  • Meadowland (2015) .... Sarah
  • Doll & Em (2015) .... Olivia (4 episoder)
  • Love the Coopers (2015)
  • Booksmart (2019) - regi[3][4]

Kjelder endre

  1. «Généalogie de Olivia WILDE», Geneanet (på fransk), henta 25. november 2021 
  2. D'Alessandro, Anthony; D'Alessandro, Anthony (8. november 2018), «Olivia Wilde Signs With CAA», Deadline (på engelsk), henta 25. november 2021 
  3. Lismoen, Kjetil (21. juni 2019). «Filmanmeldelse: Annerledes, festlig og optimistisk vri på high school-komedien». Henta 10. desember 2019. 
  4. Wilde, Olivia (24. mai 2019), Booksmart, Annapurna Pictures, Gloria Sanchez Productions, henta 25. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Olivia Wilde