Oljedirektoratet

norsk statleg forvaltningsorgan

Oljedirektoratet (OD) er eit norsk statleg forvaltningsorgan med hovudkontor i Stavanger og kontor i Harstad. OD har om lag 215 tilsette. Direktoratet er styresmaktene sin reiskap for å regulere petroleumsverksemda i landet, slik at petroleumsressursane blir forvalta best mogleg med minst mogleg konsekvensar for miljøet. Oljedirektoratet er underlagd Olje- og energidepartmentet. Saman fastset dei rammevilkår og regulerer utbreiinga av verksemda i samsvar med stortingsvedta og lovverk.

Oljedirektoratet

Selskapsformorganisasjonsledd Sjå dette på Wikidata
Org.nr.870 917 732
Skipa1972
MorselskapOlje- og energidepartementet Sjå dette på Wikidata
HovudkontorStavanger Sjå dette på Wikidata
Adm. direktørBente Nyland
Tilsette210
Nettstadhttp://www.npd.no

Oljedirektoratet forvaltar data og informasjon om ressursar, aktivitet og avtaleverk.

OD blei oppretta i 1972, samtidig med Statoil. Fredrik Hagemann var direktør frå starten og fram til 1997. Tidlegare hadde direktoratet ein kombinert rolle som tilretteleggar for ressursforvaltninga og kontrollør i samband med arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) på norsk kontinentalsokkel. Frå 2004 blei arbeidsmiljø- og tryggleiksfunksjonane skild ut og det nye Petroleumstilsynet (Ptil) oppretta. Gunnar Berge var oljedirektør frå 1997 til 2007.

Bente Nyland blei konstituert som oljedirektør frå 26. juni 2007. Den 21. desember 2007 blei ho utnemnd til oljedirektør av Kongen i statsråd for ein periode på seks år.

I januar 2009 fekk OD SSØ-prisen for 2009 frå Senter for statlig økonomistyring for sitt mot i val av organisasjonsform. Frå 1998 til 2009 utvikla Oljedirektoratet ein flat, lagbasert og fleksibel organisasjon - i motsetning til tradisjonelt hierarki.

Bakgrunnsstoff Endra