Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet er eit norsk statleg tilsynsorgan som er lagt inn under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Petroleumstilsynet har ansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø innan petroleumsverksemd i Noreg. Tilsynet har hovudkontor på Ullandhaug i Stavanger. Frå 1. januar 2004 vart Petroleumstilsynet etablert som eit sjølvstendig tilsynsorgan.

Petroleumstilsynet
Selskapsformorganisasjonsledd Sjå dette på Wikidata
Org.nr.986 174 613
Skipa1. januar 2004
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorStavanger kommune Sjå dette på Wikidata

I tillegg til verksemda som går føre seg på norsk kontinentalsokkel har Petroleumstilsynet fått ansvar for tilsyn med petroleumsanlegg på land. Ansvaret gjeld petroleumsanlegga og røyrleidningssystema på Kårstø, Kollsnes, Stura, Tjeldbergodden, Mongstad, Melkøya og Slagentangen og eventuelle framtidige, integrerte petroleumsanlegg på land.

Etatsansvaret omfattar alle fasar av petroleumsverksemda, som ved planlegging, prosjektering, bygging og bruk av innretningar, og ved seinare fjerning, eventuelt. Regjeringa har lagt følgjande oppgåver til Petroleumstilsynet:

Ved eige tilsyn og i samarbeid med andre styresmakter på HMS-området skal Petroleumstilsynet sikra at petroleumsverksemda og tilknytt verksemd vert følgde opp på ein heilskapleg måte. Petroleumstilsynet skal vidare driva informasjons- og rådgjevingsarbeid overfor dei aktørane som tek del i denne verksemda, få i stand føremålstenelege samarbeidsrelasjonar med andre HMS-styresmakter nasjonalt og internasjonalt og aktivt medverka til kunnskapsoverføring i samfunnet generelt på området helse, miljø og tryggleik. Petroleumstilsynet skal gje fråsegn til overordna departement om saker som er under handsaming i departementet, og assistera departementet på førespurnad i andre saker.

I vidaste forstand er alt arbeid i Petroleumstilsynet innretta mot at petroleumsverksemda skal vera forsvarleg med tanke på helse, miljø og tryggleik. Departementet har gjeve følgjande retningsliner for Petroleumstilsynet sine oppgåver: Oppfølginga skal vera systemorientert og risikobasert. Oppfølginga skal koma i tillegg til og ikkje som erstatning for den oppfølginga av eiga verksemd som næringa sjølv står for. Rollene Petroleumstilsynet har som høgrisiko-/teknologitilsyn og arbeidstilsyn, skal avvegast mot kvarandre på ein balansert måte. Medverknad og partssamarbeid inngår som viktige føresetnader for og prinsipp i det arbeidet som Petroleumstilsynet utfører.

BakgrunnsstoffEndra