Gunnar Berge
Gunnar Berge (fødd 29. august 1940 i Etne) er ein norsk Arbeidarparti-politikar, statsråd, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet og direktør i Oljedirektoratet.
Gunnar Berge | |||
Gunnar Berge i 2016 Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 29. august 1940 (84 år) Etne kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Den Norske Nobelkomite | ||
Verv | Nordisk samarbeidsminister 1992–1996 | ||
Føregangar | Kjell Borgen | ||
Etterfylgjar | Grete Knudsen | ||
Verv | Norsk kommunalminister 4. september 1992–16. oktober 1996 | ||
Føregangar | Kjell Borgen | ||
Etterfylgjar | Kjell Opseth | ||
Verv | Norsk finansminister 9. mai 1986–16. oktober 1989 | ||
Føregangar | Arne Skauge | ||
Etterfylgjar | Arne Skauge | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1969–1993 | ||
Alle verv |
|
Gunnar Berge var industriarbeidar frå 1957 til 1964. Han var lokalpolitikar Stavanger frå 1963. Han var Stortingsrepresentant for Rogaland frå 1969 til 1993.
Han var statsråd for Finansdepartementet frå 1986 til 1989. Han var statsråd for Kommunaldepartementet mellom 1992 og 1996.
Han var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe 1990–1992. Han var nestleiar i Arbeidarpartiet frå 1989 til 1992.
Gunnar Berge blei tilsett som direktør for Oljedirektoratet i Stavanger i 1990, men tok ikkje til i stillinga før ved årsskiftet 1996-1997, fordi han var først var stortingsrepresentant og deretter kommunal- og arbeidsminister. Den 26. juni 2007 annonserte han at han gjekk av som oljedirektør for å bli styreleiar i det statlege oljeselskapet Petoro.
Gunnar Berge var medlem av Den Norske Nobelkomite i perioden 1997-2002, i 1999 var han nestleiar i komiteen og i 2000-2002 var han leiar.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Intervju med Gunnar Berge Arkivert 2005-10-27 ved Wayback Machine.