Oluf Müller
Oluf Christian Müller (19. oktober 1876–7. januar 1938) var ein norsk næringsdrivar og politikar, fødd i Sunndal. Han representerte partiet Frisinna Venstre på Stortinget i tida 1919-27, og var formann i partiet 1922-24.
Oluf Müller | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. oktober 1876 Sunndal kommune |
Død |
7. januar 1938 (61 år) |
Yrke | politikar, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Politisk parti | Frisindede Venstre, Høgre |
Medlem av | Fedrelandslaget |
Far | Christian Høy Müller |
Müller var son til ein sokneprest. Han gjekk middelskolen i Kristiansund, der han i tida 1896-1900 arbeidde i Oluf Herlofsens sønner. Elles var han ei tid tilsett i ei forretning i Kristiania, og reiste eitt år i England og Tyskland. Frå 1900 til 1938 var han disponent ved A/S Goma Smørfabrik i Kristiansund.
Müller var medlem i Kristiansund bystyre 1910-16, 1919-25, 1928-31 og 1934-37. Han deltok i fremste rekke i styringa av lokalsamfunnet, mellom anna var han styreformann både i Kristiansunds Elektrisitetsverk og tida 1915-38 i Skar kraftanlegg. Elles var han styremedlem 1924-33 i Noregs Bank si avdeling i Kristiansund og 1932–34 i tilsynskommisjonen for Raumabanen, samt i mange private verksemder.
Müller representerte 1919-21 einmannskrinsen Kristiansund på Stortinget, og 1922-24 dei tre kjøpstadene i Møre fylke. Frå 1922 til -24 var Müller formann i Frisinna Venstre, og i 1923-24 var han visepresident i Stortinget. Valbolken 1925-27 møtte han på Tinget ved eit par høve som varamann.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2017-04-03 ved Wayback Machine.