«Omaga»
Song av Benny Cristo
Land Tsjekkia
Språk Engelsk og tsjekkisk
Utgjeve 17. februar 2021
Sjanger Indiepop, elektropop
Lengd 02:59
Selskap Championship Music
Låtskrivar(ar) Filip Vlček, Ben Cristóvão

«Omaga» (slang for 'Oh my God'[1][2]) er ein indiepopsong frå 2021 som vert framført av den tsjekkiske artisten Benny Cristo. Songen vart utgjeven 17. februar 2021 og var det tsjekkiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]

Om songen endre

«Omaga» er skriven av Cristo sjølv, saman med låtskrivaren og musikkprodusenten Filip Vlček. Songen er i ein litt annan stil og sjanger enn Cristo vanlegvis syng, noko Vlček kommenterer: «eg synest utfordringa har lukkast. Stilen passar han godt».[4] Songen har engelsk tekst, med eit par linjer på tsjekkisk.[2]

«Omaga» var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021, der han var den tredje låten ut på scena i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai 2021.[4] Låten vart nummer 15 av 17 i semifinalen, og kvalifiserte ikkje seg til finalen.[5]

Referansar endre

  1. «Ben Cristovao - Omgaga lyrics + German translation» (på engelsk). Henta 17. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Omaga! Czech Republic's Benny Cristo reveals Eurovision 2021 song — a play on "Oh My God!"» (på engelsk). 16. februar 2021. Henta 17. februar 2021. 
  3. «Omaga - Single by Benny Cristo» (på engelsk). Henta 17. februar 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Benny Cristo unleashes ‘omaga’ for the Czech Republic» (på engelsk). 16. februar 2021. Henta 17. februar 2021. 
  5. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.