Opna hovudmenyen

Omer (hebraisk skrift עֹמֶר) er ein finare by i Det sørlege distriktet i Israel, nær Beersheba. Han ligg langs hovudveg 60, mellom Beersheba og Shoket-krysset.

Omer
עֹומֶר, עומר
lokal kommune
Omer, Israel 1.jpg
Namneopphav: Nek
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°15′51.48″N 34°50′48.9″E
Areal 20,1 km²
Folketal 7 080 (2011) [1]
Folketettleik 352 / km²
Grunnlagd 1949
Borgarmeister Pini Badash
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Omer

I 2010 hadde byen i følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) 6 593 innbyggjarar.[1]

HistorieEndra

 
Omer kino og soldatklubb.

Omer, som opphavleg vart kalla Hevrona, vart grunnlagd som ein kibbutz i 1949. Dei tidlegare innbyggjarane var demobiliserte Palmach-soldatar. I 1951 vart han ein felleslandsby kalla Eilata. I 1953 vart han grunnlagd på ny som ein felles moshav av immigrantar frå Ungarn og Romania og han fekk namnet Omer. Namnet er basert på eit vers frå boka Tredje Mosebok.[2]

I 1957 flytta innbyggjarane i nærleiken av ma'abarot til Omer. I 1962 fekk han namnet Tomer og vart ein bydel under Beersheba. Sidan 1974 har han igjen vore ein sjølvstendig by og ein forstad til Beersheba.[2]

Pini Badash har vore borgarmeister sidan 1990.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Localities File 2010» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta September 1, 2012. 
  2. 2,0 2,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 769. ISBN 965-448-413-7.  (he)

BakgrunnsstoffEndra