Omleiringa av Pizzighettone

Omleiringa av Pizzighettone var den første store militære handlinga i dei norditalienske felttoga i den polske arvefølgjekrigen. Soldatar frå Frankrike og Kongedømet Sardinia starta ein blokkade av festninga Pizzighettone i det habsburgske Hertugdømet Milano den 11. november 1733, og starta kringsetjingsoperasjonane den 15. november. Den 30. november starta kommandanten i den austerrikske garnisonen ei kapitulering der han lovde å trekkje seg attende mot Mantova den 9. desember om han ikkje fekk støtte. Sidan festninga ikkje fekk forsterkningar, trekte garnisonen seg ut med full krigsære den 9. desember.

Omleiringa av Pizzighettone
Del av den polske arvefølgjekrigen

Eit italiensk militærkart over Pizzighettone og Gera, 1733
Stad nær Pizzighettone, då i Hertugdømet Milano, dagens Italia
Resultat Fransk-sardinsk siger
Partar
 Frankrike
 Sardinia
 Habsburgmonarkiet
Den polske arvefølgjekrigen
Kehl  · Pizzighettone · Danzig · Bitonto  · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen

Kjelder endre