Opna hovudmenyen

Omleiringa av Capua var den siste store militærhandlinga i den polske arvefølgjekrigen i Kongedømet Napoli. Austerrikske styrkar frå Habsburgmonarkiet, kommandert av den austerrikske marskalken Otto Ferdinand von Abensberg und Traun, stod imot ein sju månadar lang blokade som starta i april 1734 av franske og spanske styrkar under grev Marsillac. General Traun overgav festninga i Capua i november 1734 med full krigsære, hovudsakleg fordi dei mangla forsyningar og ammunisjon, men òg fordi det vart klart at det ikkje ville kome hjelpestyrkar til den isolerte garnisonen.

Omleiringa av Capua
Del av den polske arvefølgjekrigen
Stad Capua i Kongedømet Napoli (dagens Sør-Italia)
Resultat Spansk siger
Partar
Bandera de España 1701-1760.svg Spania Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Kommandantar
Grev Marsillac
James Fitz-James Stuart, 2. hertug av Berwick
Otto Ferdinand von Abensberg und Traun
Styrkar
6-16 000 mann 6 000
Tap
1 000
Den polske arvefølgjekrigen
Kehl  · Pizzighettone · Danzig · Bitonto  · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen

BakgrunnEndra

Etter at den polske arvefølgjekrigen braut ut hausten 1733, og meldingane om at dei Bourbon-allierte Frankrike og Spania planla operasjonar mot kongedøma Napoli og Sicilia, starta dei militære og politiske leiarane i Habsburgmonarkiet å planlegge forsvaret av Napoli mot den venta invasjonen. Dei leid av manglande ressursar og av at marskalk Otto Ferdinand von Abensberg und Traun og greven av Caraffa var usamde om det beste forsvaret for Napoli. Caraffa ville minimere garnisonen i festningane i landet og konsentrere dei austerrikske styrkane i ein enkelt arme som antunen kunne unngå eller tvinge fram ein konfrontasjon med spanjolane, medan Traun, som fekk viljen sin, ønskte å forsterke garnisonane og tvinge spanjolane til kringsetje dei.[1]

Store garnisonar vart plasserte ved Pescara og Gaeta, og Traun sjølv tok kommando over 3 500 mann og okkuperte festninga ved Capua, nær nordvestgrensa mellom kongedømet og Kyrkjestaten.[2] Caraffa var ansvarleg for forsvaret av byen Napoli og tryggleiken til den austerrikske visekongen.

OpptaktEndra

Armeen til Karl av Parma, som talte kring 21 000 mann, marsjerte sørover frå Toscana der dei hadde mønstra, og nådde nordgrensa til Napoli den 28. mars 1734.[3][4] Traun hadde teke det meste av garnisonen og bygd ei forsvarslinje ved Mignano, der han venta at slaget skulle stå mot dei spanske styrkane.[2] Den 30. mars sendte derimot spanjolane, med hjelp frå lokale sympatisørar, 4 000 soldatar gjennom eit smalt fjellplass og truga flanken til stillinga til Traun. Då Traun fekk vite om dette, gav han ordre om ei hastig tilbaketrekking til Capua, og let etter seg krigsmateriell og leirutstyr langs vegen. Spanjolane heldt fram sørover til Napoli, og gjekk rundt Capua, og gjekk inn i byen den 10. mai, etter at festninga her hadde overgjeve seg. Kring 6 000 soldatar vart stasjonerte for å blokkere Capua, skjere av kommunikasjons- og forsyningslinjene.[5]

Medan armeen til Karl marsjerte sørover, hadde ein spansk flåte sett i land styrkar på øyane Ischia og Procida i Napolibukta.[6] Dei austerrikske garnisonane frå desse øyane hadde vorte ført til fastlandet, der dei gjekk inn i garnisonen i Capua (før denne vart blokkert) og Traun hadde då kring 6 000 mann i garnisonen. Austerrikarane håpte på hjelp frå styrkane til Florimund Mercy i Nord-Italia, men desse var opptekne mot den fransk-sardinske armeen.

Etter at den austerrikske armeen vart øydelagd i Bitonto i mai, kringsette dei spanske styrkane så dei tre gjenverande austerrikske utpostane: Pescara, Gaeta og Capua. Pescara var den første til å overgje seg, den 29. juli, og Gaeta overgav seg i august.[7] Karl kunne då sende soldatar for å erobre Sicilia, og fokuserte dei gjenverande soldatane mot Capua.

ForsvaretEndra

Festninga i Capua var ein diger konstruksjon, men vedlikehaldet hadde vore dårleg i åra før krigen braut ut. Festninga hadde fleire svake punkt:

  • Vassforsyning;
  • Dårleg bastion ved Napoli-porten.
  • Landskapet sør og vest for festninga var strødd med oliven- og frukttre.

Garnisonen, kommandert av marskalk Traun, bestod av 6 000 mann, inkludert 10 infanteribataljonar frå regimenta Heister, Göldlin, O'Nelly, Carl Lothringen og Schmettau, 6 grenaderkomani og kompani med hestelause kyraserar frå regimenta frå Pignatelli og Kokoržowa.[8]

Traun kan òg ha hatt ein fordel av eit langvarig venskap med grev Marsillac, som kommanderte kringsetjingsstyrken. Dei to hadde kjempa i lag i tidlegare felttog, og til og med delt same telt ved fleire høve.[9]

OmleiringaEndra

Austerrikarane hadde meint å forsyne festninga slik at garnisonen kunne halde ut i fem månader, men i april hadde dei berre nok forsyningar for å halde garnisonen i to månader. Traun organiserte eit korps frivillige som dreiv furasjeringsoperasjonar i månadane blokaden pågjekk. Plyndringa deira gjekk så pass bra at austerrikarane framleis hadde ein månad med forsyningar i midten av juli.[9] Håpet om hjelp svann då han fekk melding om at marskalk Mercy hadde vorte drepen i det austerrikske nederlaget ved Parma og av at austerrikarane hadde trekt seg attende etterpå.

Den 10. august sette Traun gang eit utarbeidd tokt mot den spanske blokaden, som no bestod av over 15 000 mann. I tillegg til å raide spanske forsyningar, gjekk han til åtak på ei båtbru spanjolane hadde set topp over elva Volturno. Han sendte fleire bataljonar ut Napoli- og Romaportane midt på natta og brikte fleire timar i eit forsøk på å nå og øydeleggje brua. Spanjolane klarte derimot å avverje åtaka, men desse var berre dekkoperasjonar, medan eit kompani på 500 handplukka menn plyndra landsbygda og vendte attende med 150 kyr, 90 vassbøflar og 1000 sauer. Forsøket på ta brua hadde kosta 300 austerrikarar livet, men dei hadde teke livet av meir enn 350 spanjolar og tok 52 fangar (som Traun sleppte fri med ein gong).[10]

Kringsetjinga varte til november og tilhøva i den blokkerte byen vart stadig verre. Den 20. november kom Traun og den spanske kommandoen til semje om at Traun skulle kapitulere om han ikkje hadde fått hjelp innan 20. november. Denne dagen marsjerte den austerrikske garnisonen, som no var redusert til 5 000 mann, ut med full krigsære, inkludert to feltkanonar og gjekk ombord på spanske skip som transporterte dei til Trieste og Fiume. Det einaste vilkåret i overgjevinga som spanjolane ikkje gjekk med på, var at soldatane kunne hjelpe til i det norditalienske felttoget.[11]

KjelderEndra

Kingdom of Naples, 1734-1825]

  1. Colletta, p. 32
  2. 2,0 2,1 Feldzüge des Prinzen Eugen, p. 424
  3. Colletta, p. 30
  4. Feldzüge des Prinzen Eugen, p. 425
  5. Colletta, p. 35
  6. Colletta, p. 34
  7. Colletta, pp. 40-44
  8. Feldzüge des Prinzen Eugen, pp. 452-455
  9. 9,0 9,1 Feldzüge des Prinzen Eugen, p. 456
  10. Feldzüge des Prinzen Eugen, pp. 457-458
  11. Feldzüge des Prinzen Eugen, s. 459_460