Ommund Norheim

Norsk fattigforstandar

Ommund Ommundsson Norheim (26. august 18481922) var ein norsk bladmann og fattigforstandar frå Time i Rogaland.

Ommund Norheim
Fødd 26. august 1848
Død

2. mars 1922

Norheim var son til ein gardbrukar og lensmann. Sjølv tok han studenteksamen i 1869, og andreeksamen året etter. Han var forretningsførar og seinare redaksjonssekretær i Vestlandsposten. Frå 1890 var han fattigforstandar i Stavanger.

Norheim var medlem av bystyret i Stavanger i tida 1885-1910. For stortingssesjonen 1892-94 vart han kåra til andre varamann på valtinget, men møtte heile perioden då den valde representanten, Lars Oftedal, sa frå seg valet vinteren 1892 og fyrste varamann melde forfall. Norheim var medlem av Gasje- og pensjonskomiteen.

Ingebret Svennsson Mossige var farbror til Norheim.

KjelderEndra