Ingebret Svennsson Mossige

Ingebret Svennsson Mossige (12. mars 181226. november 1862) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Time i Rogaland. Svenn Ingebretsson Mossige var far hans.

Ingebret Svennsson Mossige
Fødd 12. mars 1812
Død

26. november 1862 (50 år)

Yrke bonde, politikar

Mossige arbeidde på kontoret hos sorenskrivaren, Gunder Aas, i Eigersund. Etter faren døydde i 1835 tok han over farsgarden Mossige. Frå 1839 var han i tillegg veginspektør for Jæren, ei stilling han hadde livet ut. To år seinare vart han også lensmann i Haugland skipreide. Denne stillinga hadde han til 1861 då han vart lensmann i Høyland og magistrat i Sandnes.

1838-40 var Mossige den fyrste ordføraren i Time, sat i heradsstyret til 1861. Han hadde så å seie alle dei kommunale verv han kunne ha, men han var ikkje i forlikskommisjonen. I 1858 var han med i ein kongeleg kommisjon om skysslova.

Mossige var stortingsmann frå Stavanger amt på alle ting frå 1845 til 1860. Han var i 1845 medlem i justiskomite nr 1, 1848 sekretær i same. På tingsamlingane i 1851 og 1854 var han sekretær i Odelstinget, justiskomite nr 1 og valkomiteen, samt 1851 medlem av lovkomiteen. Han heldt fram som sekretær i Odelstinget i valkomiteen 1857 og 1858, medlem av militærkomiteen begge sesjonane. I tillegg var han medlem av jarnbanekomiteen og av komiteen om fengselstellet i 1857, samt finanskomiteen i 1858. På sitt siste storting, 1859-60, var han sekretær i Lagtinget, valkomiteen, militærkomiteen og av komiteen om stortingsbygninga. Sommaren 1860 var han medlem av den deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim.

Mossige budde på Bruland etter han vart lensmann i Høyland, og døydde der i 1862.

KjelderEndra