One Night

(Omdirigert frå One Night of Sin)
One Night
Singel av Elvis Presley
A-side

«I Got Stung»

Språk engelsk
Utgjeve 21. oktober 1958
Innspelt 23. februar 1957, Radio Recorders, Los Angeles
Sjanger Rhythm and blues[1]
Lengd 2:32
Selskap RCA
Komponist Dave Bartholomew, Pearl King, Anita Steiman
Tekstforfattar Dave Bartholomew, Pearl King, Anita Steiman
Låtskrivar(ar) Dave Bartholomew, Earl King, Anita Steinman
Elvis Presley-kronologi 
«Hard Headed Woman»
(1958)
One Night «I Need Your Love Tonight»/

«A Fool Such as I» (1959)


«One Night» er ein song skriven av Dave Bartholomew og Earl King. Han vart ein R&B-hit for Smiley Lewis i 1956, før han vart gjeven ut med større kommersiell suksess av Elvis Presley i 1959.[2]

Smiley Lewis endre

Originalinnspelinga av songen av Smiley Lewis, for Imperial Records, vert stundom kalla «One Night of Sin», etter ei linje i originalteksten. Singelen nådde 11. plassen på Billboard R&B-lista tidleg i 1956.[3]

Elvis Presley endre

Presley spelte inn ein versjon av songen med originalteksten den 18. januar 1957, men denne versjonen kom først ut i 1983. Både manageren til Elvis og plateselskapet hans hadde reservasjonar mot den «tvilsame» teksten. Elvis ønskte ikkje å gje opp songen, så han fortsette å spele han då han hadde ledig tid under innspelinga av Loving You, og skreiv til slutt om tekstlinja «One night of sin is what I'm now paying for» til «One night with you is what I'm now praying for.» Presley-innspelinga har Anita Steinman som ekstra medlåtskrivar, i tillegg til Bartholomew og King.

Den 23. februar 1957 i Radio Recorders i Los Angeles viste han den nye teksten og følte seg sikker på at han kom til å bli godkjend av plateselskapet.[4][5] Han vart gjeven ut på singel i oktober 1958 og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista. Songen vart publisert av Elvis Presley Music.

Presley-innspelinga vart gjeven ut som ei dobbel A-side med «I Got Stung», og nådde toppen av den brritiske singellista to gonger.[6] I USA nådde «One Night» fjerdeplassen på poplista og tiandeplassen på R&B-lista.[7] Songen vart den 1000. singelen som nådde toppen av den britiske singellista då han kom ut for andre gongen i januar 2005. Det var òg den siste singelen hans som kom ut på 78 RPM-plate i USA.[8] Den 12 februar 1959 vart songen den første som nådde toppen av den irske singellista, som vart trykt for første gongen i Evening Herald. Han låg ei veke på toppen av denne lista.

Rockejournalisten Pete Johnson observerte at songen inneheld ei tredobbel nekting med tekst «I ain't never did no wrong».[2]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Jorgensen, Ernest (1998). Elvis Presley, A Life in Music: The Complete Recording Sessions. St. Martin's Press. s. 129. 
  2. 2,0 2,1 Gilliland, John (1969). «Show 8 - The All American Boy: Enter Elvis and the rock-a-billies. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  3. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 266. 
  4. Jorgensen, Ernest (1998). Elvis Presley, A Life in Music: The Complete Recording Sessions. St. Martin's Press. s. 79, 85, 86. 
  5. Collins, Ace. «Untold Gold: The Stories Behind Elvis's #1 Hits»
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 707. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  8. «One Night / I Got Stung». Elvisrecords.com. Henta 29. august 2016. 

Bakgrunnsstoff endre