One Times One
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Desember 2007
Innspelt 2007
Sjanger
Lengd 39:23
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Summer in Nagasaki
(2007)
One Times One Purple Diluvial
(2007)


One Times One er det 102. albumet totalt og det 39. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2007.[1]

Dette var den første plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda var kring 40 minutt, som var typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Dette albumet inneheld fire heilt nye komposisjonar av Edgar Froese, og ein instrumental versjon av eit vokalspor som opphavleg kom ut på Madcap's Flaming Duty (2007) og ein remiks av «Loved by the Sun». Denne er basert på ein versjon som kom ut på Tangerine Dream Plays Tangerine Dream (2006), men har ekstra gitar.

Innhald

endre
Nr.TittelLengd
1.«Sadness of Echnaton Losing the World Child»6:25
2.«Man» (instrumental)4:53
3.«Modesty and Greed»7:04
4.«Loved by the Sun» (nyinnspeling)3:38
5.«Gleeful Poets Crying Softly»8:22
6.«Daughters of Time»9:01

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. «One Times One». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.