Tangerine Dream Plays Tangerine Dream

Tangerine Dream Plays Tangerine Dream
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Desember 2006
Innspelt 1982 - 2006
Sjanger
Lengd 1:12:40
Selskap TDI/Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Preston - November 5th 1980
(2006)
Tangerine Dream Plays Tangerine Dream Springtime in Nagasaki
(2007)


Tangerine Dream Plays Tangerine Dream er det 99. albumet totalt og det 36. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2006.[1] Albumet består av nyinnspelingar av Tangerine Dream sine komposisjonar av dåverande og tidlegare medlemmar av bandet.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna omslag.

Komposisjonar endre

«Southpole Crossing» er den einaste komposisjonen som ikkje er gjeven ut tidlegare og var ein del av musikken til filmen Mandala, som ikkje er gjeven ut.

Ralf Wadepuhl medverka med «Logos Blue» frå Logos Live (1982) og «Desert Dream» frå Encore (1977). Denne utgåva av «Logos Blue» vart framført første gongen på ein turné i USA i 1988, då Wadepuhl var medlem av bandet.

«Alchemy of the Heart II», opphavleg frå Tyger (1987) er ein slags nedstrippa versjon av originalen, tilskriven både Paul Haslinger og Edgar Froese. Det er ukjend om dette er ein tidleg versjon av sporet som ikkje kom med på albumet, eller ei nyskaping frå seinare tid.

«Beach Theme», som opphavleg var frå Thief (1981) er tilskriven Zlatko Perica, og denne versjonen er særs lik konsertutgåva han framført som gitarsolo på ein turné i Europa i 1997, som ein kan høyre på Valentine Wheels (1998).

«Phaedra 2005», opphavleg frå Phaedra (1974), er tilskriven Edgar Froese. Dette er ein ny versjon og er ikkje den same som kom ut på nyinnspelinga av albumet, som òg heiter Phaedra 2005. Fire andre spor er òg tilskriven Edgar Froese: «Convention of the 24» frå White Eagle (1982), «The Challenger's Arrival» frå The Keep (1983, utgjeve 1997), «Sphinx Red Lightning» frå Hyperborea (1983) og «Ride on the Ray» frå Underwater Sunlight (1986). Medan dei første tre spora er remiksar baserte på originalspora, og særs lik remiksane som er gjevne ut på Tangents, er det sistenemnde ei nyinnspeling.

«The Blue Bridge», opphavleg frå 220 Volt Live er tilskriven Thorsten Quaeschning og Linda Spa og det kan vere eit konsertopptak frå 2006. To andre spor er òg tilskriven Thorsten Quaeschning: Ei ny utgåve av «Logos Velvet», opphavleg frå Logos Live (1982), og ei ny utgåve av «Loved by the Sun», frå Legend (1986).

«Pergamon Sphere», opphavleg frå Quichotte (1980) er tilskriven Johannes Schmoelling, men i røynda same versjonen som kom ut på Tangents, der han var tilskriven Edgar Froese.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Southpole Crossing» (framført av Paul Haslinger)4:10
2.«Logos Blue» (framført av Ralf Wadephul)6:00
3.«Alchemy of the Heart II» (framført av Paul Haslinger & Edgar Froese)4:29
4.«Beach Theme» (framført av Zlatko Perica)3:39
5.«Phaedra 2005» (framført av Edgar Froese)5:50
6.«Desert T. Dream» (framført av Ralf Wadephul)4:02
7.«Convention of the 24» (framført av Edgar Froese)9:25
8.«The Blue Bridge» (framført av Thorsten Quaeschning & Linda Spa)3:33
9.«Ride on a Ray» (framført av Edgar Froese)8:44
10.«Logos Velvet» (framført av Thorsten Quaeschning)5:09
11.«Challengers Arrival» (framført av Edgar Froese)4:07
12.«Sphinx Red Lightning» (framført av Edgar Froese)4:56
13.«Pergamon Sphere» (framført av Johannes Schmoelling)5:01
14.«Loved by the Sun» (framført av Thorsten Quaeschning)3:35

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Plays Tangerine Dream». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.