Summer in Nagasaki

Summer in Nagasaki
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 2007
Innspelt Mai 2007
Sjanger
Lengd 56:38
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Madcap's Flaming Duty
(2007)
Summer in Nagasaki One Times One
(2007)


Summer in Nagasaki er det 102. albumet totalt og det 39. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2007.[1]

Albumet var det andre av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.

I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».[2]

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag. Sommaren 2009 kom albumet ut på ei dobbel vinylplate i lag med Views from a Red Train og Autumn in Hiroshima.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Climbing Mount Inasa»10:56
2.«In the Cherry Blossom Hills»5:15
3.«Mystery of Life and Death»13:32
4.«Dreaming in a Kyoto Train»7:00
5.«Ayumi's Butterflies»4:59
6.«Presentiment»4:05
7.«11:02 a.m.»10:51

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Summer in Nagasaki». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020. 
  2. «Springtime in Nagasaki». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.