Operasjonalisering

Operasjonalisering viser til det å gjere data målbare ved observasjon eller eksperimentering. Dette er ein vanleg måte å utforme forsking i fag som psykologi, samfunnssfag, forsking på levande organismar og i fysikk. Å operasjonalisere er viktig, sidan noko ein trudde var eitt enkelt konsept, kan vise seg å gi ulike svar ved ulike målemetodar. Omgrepet blei introdusert av den britiske fysikaren N.R. Campbell i Physics: The Elements (Cambridge, 1920).

Eit døme på operasjonalisering er å måle kor sint ein person er (noko som er vanskeleg å vite utan å vere personen sjølv) ved å måle volumet på talen deira i desibel, eller ved å telja sinte utbrot. Slik kan ein unngå ein mogleg subjektiv overdriving eller underdriving som ville kome om ein berre nytta spørjeskjema.

Kjelder endre

  Denne vitskapartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.