For stoff til å måla flater med, sjå måling.

Målevitskap eller måling viser til det å finna kvantitative eigenskapar ved noko. Ein kan til dømes måla talet på utvalde einingar, som individ i eit visst område eller molekyl i eit stoff, eller fastsetja eigenskapar til hendingar, stoff eller objekt gjennom samanlikningar eller måleiningar på ein skala. Ved hjelp av ulike måleinstrument og reiskapar kan ein finna og registrera måleresultat, som gjerne blir oppgjevne som tal saman med ei eining, til dømes 1 km eller 100 000 sjåarar, eller prosent.

Målelaboratorium ved Radar Microphysics Laboratory ved Universitetet i Oklahoma.

Måling er viktig i ei rekkje vitskaper og i daglegliv, til dømes i industri, handel, matlaging og medisin. Det kan nyttast for å forstå ulike fenomen, gjera utrekningar og planleggja framtidig handling. Læra om måling heiter metrologi.

Historikk endre

 
Gullvegaren og kona hans. Måleri av Quinten Massijs frå 1514. Gullvegaren veg gull med ei skålvekt.

Sidan oldtida har ein tald einingar og målt lengd, volum, masse (vekt) og tid på ulike vis, med ulike måleiningar som ofte varierte frå stad til stad, som fot, lodd og tønne. Etterkvart tok ein til å fastsetja måleiningar gjennom lover som skulle forenkla handel og hindra svindel.

Presis måling fekk større tyding ved utviklinga av moderne vitskapar frå 1600-talet, til dømes innan fysikk og kjemi. Etterkvart som vitskapane og teknologien utvikla seg tok ein også til å måla nye storleikar, som spenning og trykk. Det blei innført einingssystem med fastlagde reglar og gjerne innbyrdes samanheng. Metersystemet, danna ved slutten av 1700-talet med dei samsvarande einingane meter, kilogram og liter, fekk internasjonal utbreiing gjennom meterkonvensjonen frå 1875. Metersystemet la grunnlaget for fleire målesystem, mellom dei SI-systemet frå 1960, som har fått stor internasjonal og vitskapleg spreiing.

Utviklinga av datamaskinar og anna elektronisk utstyrt har medført at ein kan ta automatiske målingar og handtera og analysera stadig større datamengder og føra statistikk.

Bruk endre

 
Måling av blodtrykk er ein viktig medisinsk test som kan seia noko om helsetilstanden til ein pasient.

Fastsetjing av måletal har mellom anna blitt brukt til å driva handel og å rekna ut skatt, og har dermed vore viktig for å driva større samfunn. For å organisera og planleggja samfunn har ein også ved mange ulike høve målt talet på menneske ein viss stad, til dømes gjennom folketeljingar. Slike tal kombinert med opplysingar om bustadstilhøve, yrke, utdanning, tenester og så bortetter kan òg gje verdifulle opplysingar til vidare samfunnsfagleg arbeid. Innan samfunnsvitskapar som sosiologi og økonomi, har målingar lagt grunnlag for teoriar og modellar. Gjennom spørjeundersøkingar og testar kan ein prøva måla vanskeleg definerbare storleikar som helse, intelligens og levekår med meir. Innan medisin kan ulike målingar bidra til å stilla diagnose, finna fareteikn som overvekt eller høgt blodtrykk, eller slå fast at nokon er friske. Men målingar kan òg brukast til vitskaplege feilsluttingar, som rasistisk kraniometri (måling og klassifisering av skallar) på 1800-talet.

Måling av andre organismar enn menneske kan bidra til forvalting av natur og landskap, til dømes ved fastsetjing av jakt- og fiskekvoter eller ved å gje truga artar eller verdifulle område vernestatus. Måling av vêrfenomen som vind, nedbør og temperatur kan bidra til å forstå klima og føreseia framtidig vêr. Også innan naturvitskapar har måling hatt stor tyding for utvikling og stadfesting av teoriar gjennom eksperiment og modellar. Til dømes førte presise målingar av eigenskapane til kjemiske stoff, særleg atommassen deira, til utviklinga av periodesystemet i kjemien, og med det ei større forståing av grunnstoff.

Kjelder endre

«måling» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre