Oppreist

(Omdirigert frå Opprør)

Oppreist eller opprør er væpna reising mot riksskipnaden eller styresmaktene. Etter folkeretten vert oppreist tydt som ei nasjonal sak, minder opprørarane vert godtekne som ein krigførande part. Ved alle høve strid det mot folkeretten at andre statar stør ein oppreist.

Etter den norske straffelova frå 22. mai 1902 §§ 98 og 99 vert oppreist straffa med mellom 5 og 20 år i fengsel - ved særlege høve opp til 21 år. Etter den militære straffelova paragraf 52 er ein oppreist at fleire personar i hærtenesta saman freistar øva vald eller tvang mot eller neittar å lyda ordrane til nokon av høgre rang eller mynd. Oppreist vert straffa strengt - ved særlege høve med livstid.

Kjelder endre

«opprør» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.