Uralsk

(Omdirigert frå Oral)

Uralsk (kasakhisk: Орал, Oral; russisk: Уральск, Uralsk) er ein by nordvest i Kasakhstan der Uralelva renn saman med Tsjogan nær grensa til Russland. Han ligg på vestsida av Ural og vert derfor geografisk rekna som ein del av Europa. Uralsk har om lag 210 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Vest-Kasakhstan oblast. Den etniske samansetjinga er dominert av russarar (54 %) og kasakhstanarar (34 %).

Uralsk
Horisonten til Uralsk
Horisonten til Uralsk
Byvåpenet til Uralsk
Byvåpenet til Uralsk
Styresmakter
Land
Oblast
Kasakhstan
Vest-Kasakhstan oblast
Grunnlagd 1584
Akim Sagynbek Mutasjev
Geografi
Flatevidd 700 000 000 km²
Flatevidd
 - By

700 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

210 600
  300/km²
Koordinatar 51°14′N 51°22′E / 51.233°N 51.367°E / 51.233; 51.367
Tidssone UTC+5 (UTC+5)
Diverse anna
Postnummer 090000 - 090013
Telefon-retningsnummer +7 71122
Heimeside: http://uralsk.gov.kz/
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Uralsk er eit jordbruks- og industrisenter og har vore ein viktig handelsstad sidan han vart grunnlagd. Elvetraffikk på Uralelva mellom Kaspihavet og Uralfjella har passert byen i mange hundreår. I dag er han ein stoppestad for jernbanen mellom Europa og vidare inn i Sibir. Det ligg fleire oljefelt rundt byen og fleire andre industribyar.

Historie endre

Uralsk vart grunnlagd i 1613 av kosakkar og heitte opphavleg Jaitsk, etter Jaik som var namnet på Uralelva på denne tida. Sidan jaikkosakkane (uralkosakk) haldt med opprørande i striden mellom Stenka Razin og Pugatsjev erklærte tsarina Katarina II den 15. januar 1775 at elva Jaik frå no skulle heite Ural og Jaitsk fekk namnet Uralsk.

Byen vart erobra av Pugatsjev og festninga vart omleira frå 30. desember 1773 til 17. april 1774. Tsaren sine troppar under kommandør Mantsurov tok byen etter Golytsin hadde tatt Orenburg frå opprørarane.

Pusjkin vitja byen med venen Vladimir Dahl i september 1833 medan han gjorde undersøkingar for boka si Historia om Pugatsjev sitt opprør og Kapteinens datter.

Byen vart omleira av kosakkar under den russiske borgarkrigen. Mikhail Frunze, Vasilij Tsjapajev og Georgij Zjukov var med på å forsvare byen. Uralsk fekk namnet Oral etter Kasakhstan sitt sjølvstende i 1991.

Kjelder endre