Orlando Peçanha

brasiliansk fotballspelar

Orlando Peçanha de Carvalho (20. september 193510. februar 2010), til vanleg berre Orlando, var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister for Brasil i 1958. Han spelte 30 landskampar for Brasil, og vann elles klubbtriumfar med Boca Juniors og Santos FC.

Orlando Peçanha
Fødd 20. september 1935
Fødestad Niterói
Død 10. februar 2010
Dødsstad Rio de Janeiro
Orlando Peçanha i Boca Juniors-drakt i 1961

Landslagsspel endre

Midtstopparen Orlando debuterte på det brasilianske landslaget i 1958. Han var med mellom dei 11 utvalde som 29. juni 1958 syrgde for at Brasil vann sin fyrste VM-tittel i fotball då det var 5-2-siger på Råsunda stadion i Stockholm,over vertsnasjonen Sverige. Orlando fekk ikkje plass i VM-troppen 1962, ettersom han då ikkje spelte for eit brasiliansk klubblag. Han deltok i dei to fyrste VM-kampane under meisterskapen i England i 1966, 1-3-tapet mot Ungarn vart hans 30. og siste i den gule landslagstrøya, utan å ha skåra eit einaste mål.

Klubbspel endre

Orlando spelte for Sao Paulo-klubben Vasco da Gama frå 1953 til -60. Han reiste til Argentina og spelte for Boca Juniors i tida 1961-65, der han var med på å verte seriemeister to gongar. I 1965 fór han tilbake til heimlandet og spelte for Santos fram til 1969. Her vart han klubbkamerat med legendariske Pelé og dei lukkast verte seriemeister allereie i 1965. Etter ei kort tid i Vasco da Gama la Orlando opp i 1970.

Merittar endre

  • Verdsmeister for Brasil 1958
  • Argentisk seriemeister med Boca Juniors i 1962 og 1964
  • Brasiliansk meister i 1965 med Santos FC

Kjelder endre