Orlando furioso av Vivaldi

Orlando furioso er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi til ein italiensk libretto av Grazio Braccioli, basert på eit dikt med same namn av Ariosto. Den første framsyninga av operaen vart halde ved Teatro Sant'Angelo i Venezia i 1727.

Orlando furioso
RV728
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1727
Urframføring10. november 1727
Typisk lengd168:22
Tekst avGrazio Braccioli

Operaen, eller meir formelt, dramma per musica - byter mellom ariar og resitativ og er sett til ei øy ein gong i tida. Historia kombinerer fleire handlingar frå Ariosto: gjerningane til helten Orlando er skildra i detalj, så vel som historia om trollkvinna Alcina.

Roller

endre
Rolle Røyst[1] Premierebesetning, 1727
Orlando kontraalt Lucia Lancetti
Angelica sopran Benedetta Serosina
Alcina kontraalt Anna Girò
Bradamante kontraalt Maria Catterina Negri
Medoro kontraalt kastratsongar Casimiro Pignotti
Ruggiero kontraalt kastratsongar Giovanni Andrea Tassi
Astolfo bass Gaetano Pinetti

Kjelder

endre
  1. Eric Cross. «Orlando furioso», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 7 august 2007), grovemusic.com (krev medlemskap)

Bakgrunnsstoff

endre