Ormputten
Ormputten er ein liten innsjø i Huddinge kommun i Sødermanland i Sverige, og ein del av Tyresån-vassdraget. Innsjøen er særs sur, truleg den suraste innsjøen i lenet. Utløpet går til Lissmasjön, og ender opp i Kalvfjärden i Austersjøen. Ormputten er liten og grunn, og er i sitt siste stadium før han går over til å bli myrland.
Ormputten | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Utløp | til Lissmasjön | ||
Høgd over havet | 81 moh. | ||
Lengd | 0,060 km | ||
Breidd | 0,040 km | ||
Areal | 0,02 km² | ||
Middeldjupn | 0,8 m | ||
Ormputten 59°09′26″N 18°02′47″E / 59.157222222222°N 18.046388888889°E |
Ormputten ligg i Paradisets naturreservat i Hanveden. Innanfor grensene til naturreservatet er det fleire andre innsjøar og markerte turløyper; ingen av turløypane går derimot direkte til Ormputten. Innsjøen er lettast å nå frå torpet Paradiset, som ein når frå Haningeleden, eller länsväg 259, som går mellom Huddinge og Haninge.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ormputten» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Paradiset Hanvedens vänner och Paradisets naturreservat[daud lenkje]
- Ormputten Huddinge kommun
- meir om Ormputtsområdet Huddinge kommun
- Ormputten[daud lenkje] Tyresåns vattenvårdsförbund