Ornes ferjekai er eit kommunalt ferjeanlegg i Ornes og er popular blant turistane som skal til og frå Urnes stavkyrkje.

Ornes ferjekai
KategoriFerjekai
UnderkategoriEnkel kai
Opna1960-åra
Som del avÅrdalstangen-Solvorn-Ornes(-Kroken)
TilknyttFylkesveg 5637
StadOrnes
KommuneLuster kommune
FylkeVestland
No del avSolvorn-Ornes
Kart
Ornes ferjekai
61°17′58″N 7°18′46″E / 61.29956130666°N 7.312916377759°E / 61.29956130666; 7.312916377759

Ferjesambandet vart til i 1963 som sambandet Årdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn, og skulle blant anna ha med seg mjølkebilen til ysteriet i Årdal. Kroken vart droppa som stoppestad i 1980-åra då bygda fekk vegløysing til Ornes. I august 1989 vart Årdalstangen òg sløyfa, og i årskiftet 1989/1990 trakk Fylkesbaatane seg ut av ruta. Sidan har sambandet gått mellom Solvorn og Ornes driven av private aktørar med kommunal støtte.

Oppstillingsplassen står av eit felt med ei lengd på om lag 70 m, og byrjar midtvegs i bakken ned mot ferjekaia. Dette feltet vart bygd i seinare tid og er del av Fylkesveg 5637 arm frå Ornes vegkryss.

Kjelder

endre