Opna hovudmenyen

Solvorn er ei bygd i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg på vestsida av Lustrafjorden, tvers overfor Ornes.

Solvorn
stad
Solvorn1.jpg
Solvorn sett frå ferja som kjem frå Ornes

Foto: Eduardo

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Luster
Postnummer 6879 SOLVORN
Preposisjon i Solvorn
Wikimedia Commons: Solvorn
Walaker Hotell
Foto: Sean Hayford O'Leary
Hus nede ved fjorden i Solvorn
Solvorn sett frå Ornes

Her ligg Solvorn kyrkje frå 1883 og det over trehundre år gamle Walaker Hotell. Bygda har òg ein daglegvarebutikk og barneskule. Fylkesveg 338 går mellom Solvorn og fylkesveg 55, og det går ferje frå Solvorn over Lustrafjorden til Ornes.

NamnetEndra

I følgje Norsk stadnamnleksikon er Solvorn «eit mykje problematisk namn» - og den norrøne forma kan ikkje rekonstruerast sikkert. Ei mogeleg form kunne vere Sól-vǫrn, samansett av sól f 'sol' og vǫrn f 'vern' - og tydinga blir då 'solvernet/solvernaren; bygda som vernar/tek vare på sola'. Bygda Solvorn ligg som ei open glenne rett aust/vest mellom høge fjell, og konsekvensen av dette er at det gamle høvdingsetet og kyrkjestaden Ornes på den andre sida av Lustrafjorden ligg bada i sol lenge etter at gardane sør og nord for Ornes har hamna i skuggen. Namnet på bygda Solvorn er i så fall gjeve av folka busett på Ornes.

(Merknad: Uttalen [sål`våd'n] viser til ein kort vokal i norrønt (sol-), men det er ikkje uvanleg at lange vokalar vert korte når dei står som forledd i samansetningar.)

HistorieEndra

Solvorn har historie som handelsstad, kyrkjestad, tingstad og sete for sorenskrivaren i Indre Sogn. Bygda har vore kyrkjestad sidan mellomalderen, fyrste gongen Solvorn-kyrkja er nemnd i kjeldene er på 1300-talet. Rundt 1865 var det tre handelsmenn og to bakarar i Solvorn, og staden var naturleg å reise til for folk på Hafslo og omliggjande bygder når dei skulle selje eller kjøpe noko. Staden hadde glansperioden sin medan fjorden var viktigaste ferdselsåra, sidan når vegen kom og bilane tok over ligg ikkje Solvorn så sentralt til lenger.

Solvorn fekk postopneri i 1841, og hadde postkontor til 1995, men staden har framleis eige postnummer. Ved postnummeromlegginga i Bergen postdistrikt i 1999 vart postnummeret endra frå 5815 til 6879.[1]

Solvorn soknEndra

Solvorn er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet femner i tillegg til Solvorn òg Ornes, slik har det vore sidan Urnes stavkyrkje gjekk or bruk som soknekyrkje og Urnes sokn vart nedlagd i 1882.[2]

Solvorn grunnkrinsEndra

Grunnkrinsen Solvorn, som femner området på vestsida av Lustrafjorden frå kommunegrensa mot Sogndal og nordover eit stykke forbi Solvorn sentrum, hadde ved folketeljinga i 2001 209 innbyggjarar.[3]

FotnotarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra