Årdalstangen ferjekai
Årdalstangen ferjekai er eit nedlagd ferjeanlegg på Årdalstangen i Årdal kommune i Vestland. Frå kaia gjekk ferjer til Kaupanger, Lærdal, Revsnes, Aurland og Gudvangen.
Årdalstangen ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, forskyvd parallell | ||
Opna | 1957 | ||
Som del av | Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger | ||
Tilknytt | Fylkesveg 5633 | ||
Stad | Årdalstangen | ||
Kommune | Årdal | ||
Fylke | Vestland | ||
Nedlagd | 1993 | ||
Erstatta av | Fodnes ferjekai | ||
Årdalstangen ferjekai 61°14′07″N 7°42′15″E / 61.235299043132°N 7.7040490239293°E |
Hamna hadde si spede byrjing frå den fyrste ekspedisjonsbryggja var under bygging i 1871, og folketalksutviklinga var såpass sterk på grunn av industrien at ein fekk både ferjesambandet Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger med provisoriske ferjelemmar i 1946, og snøggbåtruta mellom Bergen og Sogn fekk endestopp her i 1949. Nytt kaianlegg opna i 1957 for å ta unna bilferjetrafikken med to ferjekaier. I 1963 opna Solvorn ferjekai, og med dette kom sambandet Årdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn. Denne heldt fram til 1989 då Årdal vart sløyfa frå ruta, og sambandet vart gåande mellom Solvorn og Ornes.
1960-åra gav store endringar for ferjesambanda i Indre Sogn, og for Årdalstangen sin del vart det slutt på ferjene til Lærdal ferjekai, som var erstatta av nye Revsnes Ferjekai.
I 1993 opna ei forlenging av dåverande Riksveg 53 frå Årdalstangen til Fodnes og nye Fodnes ferjekai som erstatta Årdalstangen for dei attståande ferjerutene til Kaupanger og Revsnes. To år etterpå vart sambanda erstatta av det nye sambandet Mannheller-Fodnes, og med den nye tilknytinga til sentrale Indre Sogn var det ikkje lenger sett på som naudsynt med at snøggbåten frå Bergen skulle gå heilt inn, og endestoppet vart flytta til Sogndalsfjøra.
I ettertid står den vestre kaia intakt medan den austre kaia har fått ferjelemmen fjerna og heie gamlehamna er brukt til fortøying. Kaianlegget ligg rett attmed industrihamna til Årdal verk som framleis er i drift.
Liste over samband med stopp på Årdalstangen ferjekai:
endre- 1946-1966: Kaupanger/Lærdal-Årdalstangen
- 1963-1989: Årdalstangen-Solvorn-Ornes(-Kroken)
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1967-1993: Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 176-180. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75-76. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Vegutløysing for Årdal» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.