Országház

Országház er den ungarske parlamentsbygningen og ligg ved venstrebreidda av Donau i bydelen Pest i Budapest. Bygningen er den største i Ungarn,[1] og den høgaste i Budapest.[2] Han er eit landemerke og ein turistattraksjon i byen.

Den ungarske parlamentsbygningen sett frå Buda.

Parlamentsbygningen er oppført i nygotisk stil med Imre Steindl som arkitekt. Han blei innvigd i 1896 ved feiringa av tusenårsjubileet til Ungarn. Han blei parlamentsbygning i 1902. Bygget er symmetrisk med ein stor kuppel i nyrenessansestil i midten.[3] Symmetrien finst både på inn- og utsida. Inne i bygget finst to store hallar som opphavleg blei brukt til dei to kammera i parlamentet. Etter andre verdskrigen har Ungarn hatt eit eittkammersystem, og berre ein hall blir brukt til politikk medan den andre kan vitjast av turistar.

KjelderEndra


  1. Top 10 of Budapest, Budapestinfo, arkivert frå originalen 2014-10-14, henta 25. desember 2014 
  2. 23. emelet - Budapest, szeretlekmagyarorszag.hu
  3. Hewitt, Rick Steves & Cameron (2009). Rick Steves' Budapest (1st ed. utg.). Berkeley, Calif.: Avalon Travel. ISBN 9781598802177. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Országház
  Denne arkitekturartikkelen som har med Ungarn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.