Ortocerkalkstein

Ortocerkalkstein eller ortocerkalk er kalkstein med rette, opptil fleire meter lange skal av utdøydde blekksprutartar (rette nautiloidear som Endoceras og meir sjeldan Orthoceras) frå nedre del av ordovicium.

Han er utbreidd i Oslofeltet og fleire stader i Sverige. Ved Oslo er ortocerkalksteinen utvikla som eit tjukt, massivt lag kalla Hukformasjonen mellom svart skifer, og står difor fram som ryggar i terrenget. Han har vore brukt som bygningsstein ved dei fleste mellomalderbygga i Oslo, mellom anna i Hovedøya kloster, Akershus festning og Gamle Aker kyrkje. Han har òg vore brote for kalkbrenning og sementproduksjon.

KjelderEndra