Den russisk-ortodokse kyrkja

Moskvas og heile Russlands patriarkat (Moskvapatriarkatet, russisk Московский патриархат, Moskovskij patriarkhat), vanlegvis kalla Den russisk-ortodokse kyrkja (russisk Русская православная церковь, Russkaja pravoslavnaja tserkov) er i dag den største av dei ortodokse kyrkjene. Kyrkja har meir enn 80 millionar medlemmer, utan at det er råd å oppgje noko eksakt medlemstal. Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje, og ho har på ein heilt spesiell måte vore identifisert med russisk kultur og historie.

Den russisk-ortodokse kyrkja

Skipa15. desember 1448
HovudkontorDanilovklosteret
LeiarKirill av Moskva
Nettstadhttp://www.patriarchia.ru/ Sjå dette på Wikidata

Kristendommen kom til Russland frå Bysants tidleg i mellomalderen. Kyrkja reknar si soge frå år 988, då fyrst Vladimir vart kristna. Ho hadde senteret sitt i Kiev fram til mongolarinvasjonen i 1240. Kyrkja fekk sidan ei ny blømingstid med senter i området rundt Moskva.

Kyrkja vart i praksis sjølvstendig frå Det økumeniske patriarkatet i 1448. Ho vart godkjend som eit eige patriarkat i 1589. Kyrkja vart etterkvart nært knytt til tsarveldet. Etter revolusjonen vart stat og kyrkje åtskilt. Frå 1922–23 starta sovjetstaten ein omfattande forfølging av kristne, og tusenar av prestar, munkar og nonner vart avretta eller omkom i arbeidsleirar. Kyrkja vart fråteken all eigedom. Under den andre verdskrigen fekk kyrkja igjen ein viss fridom, men på 1950-talet vart kyrkja pålagt nye restriksjonar.

Frå og med i 1980-åra har kyrkja igjen fått omfattande innverknad i det russiske samfunnet.

Patriarken har tittelen Patriark av Moskva og heile Russland. No er Kirill, tidlegare Metropolitt for Smolensk og Kaliningrad patriark i den russisk-ortodokse kyrkja. Han tok over etter Aleksej II (Aleksej Mikhajlovitsj Ridiger) som døydde 5. desember i 2008[1].

Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg

endre

Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo, «Hellige Nikolai menighet», men denne er ikkje underlagt Moskvapatriarkatet. Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.

 
Hellige Olga menighet har innreia det gamle gravkapellet på Vår frelsers gravlund i Oslo til kyrkje for kyrkjelyden, Vår Frelsers ortodokse kirke. Kyrkja har tilkomst frå Akersveien.
Foto: Chris Nyborg

«Hellige Treenighet Kirkeforening» vart danna i 2002 for å bidra til å gjere trua og tradisjonane til den russisk-ortodokse kyrkja tilgjengelege for norskspråklige. Foreininga er òg eit kontaktpunkt for norskspråklege i dei russisk-ortodokse kyrkjelydene i Noreg.

I Noreg er det tre kyrkjelydar underlagt Moskvapatriarkatet:

Kyrkjelyden Heilage Olga

«Hellige Olga menighet» i Oslo, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996, har som si kyrkje Vår Frelsers ortodokse kirke, som ligg i Akersveien 33, inne på Vår Frelsers gravlund, rett attmed ein av portane til gravlunden. Presten i Oslo forrettar òg gudstenester i kapellet som er vigd til Heilage Nikolai i Tromsø bymisjon sine lokaler i Tromsø.

Kyrkjelyden Kristi åpenbaringsmenighet

«Kristi åpenbaringsmenighet» i Bergen har sitt eige kyrkjebygg som ligg i Grimstadvegen 38 Søreidgrend, men halde til i Mariakyrkja og tidligare St. Sunniva kapell.

Kyrkjelyden Heilage Irina

«Hellige Irina menighet» i Stavanger feirar gudstenester i den katolske St. Svithuns kirke i Stavanger.

Kyrkjelyden Heilage Trifon

Biskopen av Murmansk og Montsjegorsk har ansvaret for den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Kirkenes, «Hellige Trifons menighet»

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre