Orust er med ei flatevidd på 345,5 km² den tredje største øya i Sverige etter Gotland og Öland. Øya ligg i Bohuslän ved Skagerrak. Ho utgjer mesteparten av Orusts kommun. Øya er skild frå fastlandet og øya Tjörn av fjordar og smale sund.

Kart med øya Orust avmerkt

Kommunikasjon endre

 
Mollösund

Länsväg 160 passerer øya. Länsväg 178 går mellom Varekil og Ellös.

Vägverket driv ferjetrafikk på strekningane Svanesund–Kolhättan, Lyresten–Lyr og Fröjdendal–Malö. Västtrafik driv personferjetrafikk på strekningane Hälleviksstrand–Käringön og Tuvesvik–Gullholmen.

Historie endre

 
Den einaste runesteinen på Orust, ved Hoga

De fyrste menneska kom til Orust etter istida for 11 000 år sidan. Buplassane deira, som då låg ved stranda, ligg i dag 40–50 meter over havet. I Enersbacken har ein funne skiveøkser og pilspissar.

Frå bronsealderen har ein funne graver og helleristingar. I 1884 vart det funne eit sverd av bronse i Ellösfjorden, sverdet er 101,5 cm langt og eit av dei lengste frå denne tida som er funne i Sverige.

Orust har vore svensk sidan Sverige overtok Bohuslän i 1658.

Plasseringa til øya har gjort til at fiske har vore ein viktig næringsveg for folkesetnaden. I 1752 var tilgangen på sild svært god og heile 1700-talet vert kalla «den stora sillperioden», og denne varte fram til 1808. Slutten på sildefisket gjorde til at bygda vart avfolka og fleire fiskevær heldt på å forsvinne.

Etter fiskeperioden auka i staden jordbruket, men utviklinga av metodar og maskiner gjorde til at behovet for arbeidskraft minka, og Orust vart igjen ei fråflyttingsbygd. Frå 1900 til 1968 vart folkesetnaden på øya halvert.

Etter 1950 byrja fleire av verfta på øya å lage plastbåtar og endå er verftsindustrien viktig på Orust.

Innbyggjartalet har variert kraftigt gjennom åra, i 1528 budde det 2 100 personar på øya. Folkesetnaden var på det største i 1880, med 18 129 personar. I 2006 hadde kommunen 15 185, ei tal som også inkluderer nokre tusen på dei omkringliggjande øyene.

Kjelder endre